Barnekultur av beste slag

Dei gjorde Storstua til «Hakkebakkeskogen» og tok publikum med storm. Unge aktørar frå Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter gav oss frisk og rørande barnekultur med si familieforestilling i Surnadal Kulturhus tysdag.

Barnekultur (2)
Alt teknisk fungerte fint – endatil da Bestemor Skogmus forsvann opp i lufta! (Foto Randi Vetleseter Bøe)


Stoff av Alf Prøysen og Thorbjørn Egner er tidlause skattar – for dei unge på.scena så vel som for mamma og pappa, beste- og oldeforeldre i salen. Viser og sketsjar av dei velkjende barnetimeonklane har både smittande sjarm for dei yngste og djupare menneskeverdiar som angår oss alle.

Prøysen-viser og Egner-teater

Dei aller yngste starta med fire Prøysen-klassikarar, friskt sunge og dramatisert med innleving: «Lille Måltrost», «Nøtteliten», «Blåbærturen» og «I Bakvendtland».

Men det meste skjedde i Hakkebakkeskogen – der dyra utfalda seg så livaktig at alle vart rivne med. Her møtte vi skogmusfamilien, ekornbarna, pinnsvina, ugla, bamsen, harane som baka pepparkaker – og den småskumle reven. Ypperleg barneteaterstoff.

Live-forestilling med god samhandling

Aktørane viste at dei hadde øvt godt og at dei lika seg. Kvar og ein gjorde sitt til at programmet vart ei vellykka samhandling. Somme viste særs gode prestasjonar i ei live-forestilling prega av det nære og ekte, av levande dialektbruk og personlege glimt i auget.

Klok investering

Pedagogikk betyr «å lede barn» i personleg utvikling. Da er godt tilrettelagte oppgåver essensielt – som tverrfagleg kultur der «heile mennesket» får bidra med eigne evner og i den store samhandlinga som menneskelivet er.

Å investere i god barnekultur, som her med Prøysen og Egner, er klok bruk av ressursar. Dokumentasjon viser at tidsbruk på slike verdiar betaler seg – både tverrfagleg og i dei personlege opplevingane hos dei unge som får delta.

Ros til Bodil og teamet hennar

Eit godt vaksenteam står bak. Og krumtappen i det heile fortener namns nemning. Bodil Kvam Aasbø er ein enorm kulturrressurs for heile Åsskard – og på særleg måte for oppvekstmiljøet. Som pianist leia ho også kveldens musikalske opplegg på beste vis.

Sjølv er Bodil den første til å framheve dei andre på laget. Ikkje minst gjeld det Ingebrigt Flor, som har laga dei flotte kulissene – eit vesentleg moment i opplevinga denne kvelden.

Stor takk til dykk alle.

……….. Bernt G. Bøe (denne gong som bestefar)  …………..

VI SPONSER BØFJORDNETT