Vårsongfest igjen

Søndag 28. april står songen i taket på Bøfjorden Grendahus. Kor og operagruppe inviterer til Vårsongfest.

Vårsong a triOpera[1]
Jentene i triOpera har lang fartstid med Vårsongfest i Bøfjorden. Her i Rossinis «Katteduett» ved eit tidlegare høve. Frå venstre maria Moen Nohr, Hedda Hansen Berg og Sigrid Vetleseter Bøe. Foto Bernt Bøe.
Vårsong b
«Kjerringshanty» frå «Med segl og Wichmann» på ein tidlegare Vårsongfest. Foto Bernt Bøe.
Vårsong c
Borghild Talgø stiller som setertaus også denne gongen. Foto Bernt Bøe.
Vårsongfest 2024 - plakat


Før koronapandemien skipla det meste, var huset stappfullt under dei årlege samlingane med operaperler, allsong, kor og kaffe.

No håpar arrangørkoret Prosjekt 17 å gjenopplive den stemningsfulle tradisjonen. 

Songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Moen Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg, også kjende som ensemblet «triOpera», deltek med operaløyer i kjent stil. Med eit slikt trekkplaster er det venta mykje folk rundt kaffeborda. 

Enno vil ikkje arrangørane røpe alle detaljar. Men Turid Røen Kroknes kjem – både som solist og leiar for Heimklang (tidlegare Halsa Demenskor). 

Og P17 lovar både vårleg korsong og gjenhør med lokal kultur frå fjell og  fjord i  sceniske utdrag frå sin «Seterkabaret» og fjord-musikalen «Med segl og Wichmann».

Kaffekos og allsong hører med denne ettermiddagen. Og i staden for billett kan ein kjøpe lodd til inntekt for lokalt musikkliv. Og kanskje vinne?
 

.... Bernt Bøe ....

VI SPONSER BØFJORDNETT