Balldag på Sjøbruksmuseet

Sildball, basartrekning og temaet «Hendt og sagt – Stolte og artige stunder i lokalhistoria» står på menyen for sesongavslutninga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Balldag a Basar
Mykje fint å vinne i sesongutlodninga på museet.
Balldag e Jakt
Denne børsa fortel jakthistorier utanom det vanlege!
BALLDAG PLakaten

 

Sommarens utlodning får sine vinnarar. Kjøkenet serverer tradisjonsmat – med bøfjordsk sildball som hovudrett.

Under biletkåseriet «Hendt og sagt» blir det møte med stolte, dramatiske og artige hendingar i vår lange og rike lokalhistorie. Også profilar frå eit rikt persongalleri pregar innhaldet – ved sida av vakre naturfoto. Litt for både augo og ører.

Det er den 22. sommarsesongen sia starten i 1995 som no blir avrunda på det godt besøkte museet i Bøfjorden.

VI SPONSER BØFJORDNETT