Balldag med taffelmusikk

Balldagen komande søndag avrundar sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Gruppa Hjemmelaget sørgjer for taffelmusikk av beste merke.

Balldag (1)
Hjemmelaget besøkte museet også i fjor. Frå venstre Peder Hønsvik, Tony Hopen, Espen Wilhelmsen og Alex Kurbanov. I tillegg kjem bassist Anne Dyrnes. (Foto Bernt Bøe)
Balldag (2)
Sildball er furkunnmat! (Foto Bernt Bøe)
Balldag (3)[1]
Gunnhild Vetleseter Bøe og resten av styret er vertskap. (Foto Bernt Bøe)
Balldag (4)
Mange flotte gevinstar å vinne for 10 kr loddet. Og ein kan kjøpe med vipps (568599) heile veka. (Foto Bernt Bøe)
Balldag (5)
Serien med bøker over kyrkjene i Surnadal er no komplett. Oddvar Moen har skrive om Mo-kyrkja, Bernt Bøe om dei andre. (Foto Randi Bøe)
Plakat Balldag 2023 x


Kjøkenet serverer sildball-middag: Ekte nordmørsk mattradisjon pregar dagen - i år som før.

Avslutninga betyr også trekning av sommarens utlodning. Eit flott måleri (Astrid Megard Sollid) og mange andre gevinstar får nye eigarar denne dagen. Bøfjorden Historielag lever av lodd- og kaffesalg og minner om at publikum fram til søndag kan kjøpe nummer via vipps (568 599) - gjerne med namn på sms attåt.

Peder Hønsvik (trekkspel) og gruppa Hjemmelaget (keyboard, gitar, bass, trommer) lovar slagermusikk og evergreens frå klokka 14. Dei er fast ensemble på museets balldagar. Og som Peder seier: - Lyst på sildball er opptakskrav i orkesteret!

Som tema vil Bernt Bøe presentere den no komplette serien med bøker om kyrkjer og kyrkjeliv i Surnadal. Den omtalar fortid og notid i Mo, Ranes, Øye, Todalen, Åsskard og Stangvik sokn. Bøkene blir å få kjøpt.

Dagen avsluttar historielagets 29. sommarsesong sia starten i 1995.

 

...... Bøfjorden Historielag ved leiar Bernt G. Bøe .............
 

VI SPONSER BØFJORDNETT