Balldag i Bøfjorden

Sildball var fattigmannskost, men er  festmat i dag. Museet i Bøfjorden ventar mykje folk på balldagen søndag kl. 13. 

Ballbord b
2017 09 17 Plakat


Dette er avslutninga på sommarsesongen 2017 – med mottoet «Ball, Bilete og Basar».  Som tema under middagen og kaffen viser Bøfjorden Historielag kulturstoff på lerretet. Biletprogrammet er tredelt  - "Eventyrbygda Bøfjorden", "Ola Soldat"  (under krigarkongen Karl 10 i 1658) og "Sildballkoking" - som lynkurs med lokal oppskrift.

Sesongutlodninga skal trekkjast, og flotte gevinstar får sine eigarar. Loddboka er ei vesentleg inntektskjelde for museet – som ikkje har fast offentleg stønad. Styret i historielaget vil difor uttrykkje  takk for all støtte gjennom kjøp av lodd, kaffe og mat og for rause bidrag i form av kjøkenteneste og gratis programinnslag gjennom sesongen .

Sommaren 2017 er den 23. på museet sia starten i 1995. Statistikken viser at over 20.000 menneske vore innom museet i denne tida.  Søndag blir det nok plussa på nokre til.

VI SPONSER BØFJORDNETT