Balldag for fullt hus

Fattigmannskost i gamle dagar, men festmat i vår tid: Sildballen freista mange til sesongavslutninga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Men maten må dele æra med eit humørfylt festprogram servert av entertainerparet Johan og Dagny Marie Øiestad.

Balldag 2019 a
«Good night!» Hovmester Johan og grevinne Dagny Marie avrundar si første avdeling under stor applaus.
Balldag 2019 b
Kåre og Ruth Sorthe tykte sildballen smaka fortreffeleg..
Balldag 2019 c
Liv Irene og Bjarne Røen er trufaste gjestar på museet. Dei vann to lokale kulturprodukt, bok av Bjarne Stenberg og akvarell av Hilda-Karin Aksdal Aass med motiv mot Bøkleppen.
Balldag 2019 d
Johan som «godfotens far», Nils Arne Eggen.
Balldag 2019 e
Dagny Marie som «Dolly Parton».
Balldag 2019 f
Ikkje berre sildball: Gunnhild Vetleseter Bøe og dei andre på kjøkenet sørga også for kaffe og kake.


Johan Øiestad, tannlege av yrke, har ein fantastisk evne til kommunikasjon. – Ein bondesønn arvar gjerne garden etter far sin, sa han under presentasjonen. – Men eg arva tusen tanngardar, nokre av dei også her i salen!

Den kjente TV-sketsjen «Grevinnen og hovmesteren» fekk nytt liv med Dagny Marie og Johan i rollene. Og ikkje med nøyaktig «same procedure» som på lille julaftan. Nei, Mister Pomeroy og dei andre ved bordet var skifta ut med Ole Gunnar Solskjær, litt Stoltenberg og Staff, Ole Paus, Ari Behn og kong Harald - alle fabelaktig imitert av balldagens hovmester Øiestad.

Dagny Marie hadde gitaren med og gav eit artig gjenhør med Hyldbakk-visa om «Pollakaran». Frodig utstaffert som Dolly Parton fekk ho også salen til å nynne med.

Johan demonstrerte stor kunnskap om norsk fotballhistorie – i livaktige roller som Åge Hareide og Nils Arne Eggen. (Frå salen kunne forresten Dordi Glærum Skuggevik opplyse at sistnemnte var onnakar heime hos dei i Surnadal sommaren 1957!)

Eit av dagens høgdepunkt var trekninga etter sesongens utlodning, som i år gav innpå 27.000 kjærkomne kroner til drift av eit museum utan offentleg stønad.

Museet og Bøfjorden Historielag har likevel mykje støtte i form av dugnad og gjevarvilje. På avslutningsdagen kunne for eksempel Ole Kristen Skuggevik overrekkje museet eit flott måleri av den 5-masta fullriggaren «Preussen» - ei av dei største seglskutene verda har sett!

VI SPONSER BØFJORDNETT