Båtrye til sjøbruksmuseet

Båtrye foto a Terje med båtrya

Grete og Terje Ramsøy-Halle kom søndag med ei flott gåve til Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Båtrya frå Stangvika er eit verdifullt tilskot til samlinga av sjøbruksgjenstandar.

- Ei slik mangla vi, så vi er veldig glade for denne gåva, seier Bernt Bøe, leiar i Bøfjorden Historielag. - I dag finst det svært få slike båtryer, eller sjøryer, sjøl om dette var viktig utstyr ombord i opne båtar og i rorbuer i gamle dagar.

Erstatta skinnfellen til sjøs

Rya var bruka av fiskarar som «sengety» på same måte som skinnfellen i heimar på land. Men skinnfell var ubrukeleg til sjøs, fordi den ikkje toler fukt og sjøskvett. Båtrya var derimot av voven ull og med floss av knytt ulltråd på eine sida.

- Eit slikt solid og kostbart plagg tok det eit halvt arbeidsår for ei dyktig kvinne å laga. Ja, dei rekna ei sjørye like verdifull som ei skikkeleg mjølkarku! fortel Terje Ramsøy-Halle. - Og ho kunne vega opptil 18 kg, føyer han til og let oss løfte på det historiske plagget.

Den opprinnelege eigaren var Jo (John) Røsli i Stangvika. Han var husmann i Ytre Røslia og dreiv elles som seglskuteskipper langs kysten. Dessutan må nok han og folket hans ha vore med på det årlege skreifisket og på annan «utror» i opne fiskebåtar. Båtrya hans var jo - som nemnt - typisk utstyr i slike båtar og i rorbuene der fiskarane overnatta.

Skipper og husmann

Terje fortel at Jo Røsli levde frå 1850 til 1926. Som slofartskipper segla han med saltfisk frå Nordland til kleppfiskberga på Nordmøre. Kona Jensine var frå Gildeskål, og ho hadde han kanskje møtt på ein av desse sloturane?

Ytre Røslia var husmannsplass under Rønnan i Stangvika. I 1904 vart stua flytta til Rutberget. I dag bur Rannveig og Torbjørn Brøske der.

Jensine og Jo hadde 6 born. Fire flytta til Amerika. Sønnen Johannes omkom ved DS «Viktoria» sitt forlis ved Jæren i 1903. Dottera Anna Marie vart gift med Kristian Waxvik, og med henne kom den historiske båtrya til Waxvikhusa.

Gåve som fortel historie

Grete og Terje Ramsøy-Halle overtok denne heimen etter Jo Røsli si dotterdotter Jenny Waxvik og vart dermed eigarar av det historiske sengeplagget. - Sidan vi ikkje har sjøfolk i slekta og ikkje er i familie med folka frå Ytre Røslia, synest vi denne sjørya hører naturleg heime i miljøet her på sjøbruksmuseet, seier det gåvmilde ekteparet - som til dagleg bur på Tingvoll.

Bøfjorden Sjøbruksmuseum har med denne gåva fått eit verdifullt tilskot til ei samling som fortel lokal sjøbrukshistorie.

VI SPONSER BØFJORDNETT