Avslutta sesongen med taco

Gøran-Henrik

BB-Fotball:

BB-Fotball avslutta ein innhaldsrik fotballsesong med taco og utdeling av premiar og utmerkelsar på Bøfjorden Grendahus fredag kveld.

Rundt 50 ungar og vaksne var samla i storsalen på Bøfjorden Grendahus til fotballavslutning fredag kveld. Ein fotballsesong fylt med mange mål, stor iver, flott samhold, vakkert vennskap, fairplay og godt spel vart avslutta med taco og brus til stor glede for alle frammøtte.

Etter at alle var gode og mette på "Buakokkå" sin nydelege taco var det klart for utdeling av premiar til alle spelarane og ikkje minst utmerkelsar til trenarane Gøran Settemsdal og Henrik Blekken som takka av som trenarar for BB G12 år. Desse to karane har dyrka fram eit flott fotballmiljø saman med spelarane på G12 laget. Som takk for mange år med super innsats fekk dei kvar si innrama BB-drakt som attpåtil var signert av spelarane.

Trenarane frå dei to andre BB-laga, Daniel Nicolaisen Bøe & Kay Edvin Nessæther (knøttelaget) og Jonny Bøe og Frode Hågen Raaen (G09) fekk kvar si t-skjorte som takk for innsatsen.

Bodil Kvam Aasbø synte også fram ein biletkavalkade frå mange fine fotballstunder opp igjennom åra - her var det mange blinkskot!

Så får vi håpe at det også i kommande sesong blir fotballaktivitet på Leikarvollen og Bæverfjord Stadion!

VI SPONSER BØFJORDNETT