Åsskardkoret skapte stemning

2014 12 13 Åsskard Åsskardkoret

Åsskardkoret ønska å skape julestemning – og klarte det. Konserten i deira eiga kyrkje laurdag vart ei triveleg stund for dei 70 frammøtte.

Julesongskatten er uendeleg variert. Difor er det mykje fint å ta til seg – og delta i – i desse adventsdagane. Den store spennvidda i uttrykk og repertoar frå konsert til konsert bør friste mange til å gå ofte i kyrkjene og ta med seg gode opplevingar heim.

Åsskardkoret vart starta til «korslaget» for nokre år sia, samlast til fine anledningar - som dette – og spreier ekte songglede. For tida er Elin Persson dirigent.

Koret framførte eit lett og spenstig julerepertoar – med lett og spenstig syngemåte. Arrangementa er fine, og koret har jobba godt – både under sin grunnleggar Hanne Bæverfjord og saman med Elin. Det lyser songglede av dei åtte damene og tre mennene. Og med Elin sitt flotte tonefølgje (delvis virtuos handtering av klaveret!) svinga det nydeleg.

Martin Berg kasta glans over stunda med velklingande bidrag på kornett. Bernt G. Bøe spela orgel og piano til allsongen.

Og neste søndag er det ny julekonsert i Åsskard kyrkje – med blant andre Åsskard Kyrkjekor (som altså ikkje er «Åsskard-koret»!), Todalskoret, sopranane Nora og Sigrid (begge Vetleseter Bøe) og eit kammerorkester med fløyte, obo, strykarar og orgel.  Med kjende allsongar og breitt program elles.

Jau – vi «syng inn jula» til gagns i Åsskard også i år!

VI SPONSER BØFJORDNETT