Åsskardfjorden rundt rett rundt hjørnet!

ÅsskardfjordenRundtSko

Søndag 28.mai er det klart for Åsskardfjorden rundt igjen - meir info inne i artikkelen.

Søndag 28. Mai kl. 10:00

Som vanleg er det start og innkomst ved Bøfjorden skule, og dei som vil vera med på trekning av premiar, må ha registrert seg der før kl.11.00.

Som tidlegare kan ein velje om ein vil gå eller sykle rundt Åsskardfjorden. Dei som går, følgjer ein ca. 15 km lang runde, og dei som syklar, følgjer ei rute som er eit par km lenger.

Det er saftstasjon på Åsskard og matsalg på skulen.

Startkontingent er 120 kr for vaksne og 70 kr for barn, og arrangørane presiserer at det er hjelmpåbod for syklistar.

Vel møtt!

Arr.: Bøfjord IL - Bæverfjord IL

VI SPONSER BØFJORDNETT