Amigos skal synge saman med Herborg Kråkevik!

Amigos skal synge saman med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene, under konserten på Surnadal Kulturhus søndag 25. mai Kl 19.00!

Amigos 2025[1]
Amigos


Amigos består av ungar frå Bøfjord, Åsskard og Bæverfjord.

Dei har øvd mykje på songane, og gler seg stort til å få møte Herborg, og til å få opptre saman med ho og TrondheimSolistene i Storstuå.

Bodil Kvam Aasbø er primus motor for denne flinke gjengen!

Ho fortel at ho fekk spørsmål frå Linda Torvik og Anders Larsen om dei ville være med på denne konserten.

- Amigos er det einaste barnekoret i Surnadal og no har vi songarar frå Heim, Bøfjorden, Bæverfjord og Surnadal. Det blir 21 ungar som blir med på konserten. Vi gler oss, seier Bodil til Bøfjordnett.

VI SPONSER BØFJORDNETT