Alltid aktuelt: Kyrkjeliv og slikt
Kyrkja spelar ei fargerik og aktiv rolle blant oss. Dette er tema på museet i Bøfjorden søndag.



Med fokusering på stor menighetsaktivitet og seks flotte kyrkjebygg håpar Bøfjorden Historielag å engasjere mange. Ikkje minst ved også å vise ei heilkyrkjeleg bokutstilling.
Spørsmål og svar
- Kven eig kyrkjene? Det veit smårollingane på barnekveldane!
- Brukar kyrkja berre ord? Nei – bodskapen talar i kunstverk, dans, drama, pantomime og musikk.
- Har det skjedd spennande ting i desse kyrkjene? Kom, hør og sjå!
Bøker
Alle kyrkjene i Surnadal har no eigne bøker. Både kyrkjehus og levande aktivitet blir omtala i kåseriet. Dugnad og samhandling har alltid prega kyrkjelydane. Gripande hendingar og eit frodig persongalleri stig fram frå historia.
Ei lita bokmesse
Utanom biletkåseriet blir det utstilling av gamle biblar og andaktsbøker - heilt frå 1500-talet! Slike skattar finst i mange heimar. Kanskje har du eit bidrag? Velkomen til å ta med kyrkjelege bøker frå eldre og nyare tid!
Utvida «kyrkjekaffe»
Kjøkenet har kaffe. Basarbordet (med trekning 14. september) legg stadig «på seg», men har enno plass att. Og arrangøren håpar at «den ganske Menighed» etter søndagens gudsteneste i Åsskard ser si besøkelsestid - gjerne som utvida kyrkjekaffe med bakels, bilete og bøker attåt!