Allehelgens

2017 Allehelgens Åsskard

Denne søndagen blir det feira Helgemesse – Allehelgens – i kyrkjene våre.

Namnet Allehelgensdag (Helgemesse) heng saman med ein tusenårig katolsk festtradisjon. Dagen er vigd minnet om dei døde.

Pårørande av dei som har gått bort siste året, er difor spesielt innbedne til dei fleste gudstenester denne dagen. Samtidig er det heile kyrkjelyden si samling.

Frå gammalt av var dette ein høgtidsdag tidfesta til 1. november. Men frå 1770 har den ikkje lenger slik status, og vår Allehelgensdag er no lagt til første søndag i november.

Somme kyrkjer legg ekstra vekt på song og musikk på denne dagen. Rundt i landet blir m.a. Egil Hovlands «Allehelgensmesse» frå 1970 bruka som musikalsk ramme om samlinga. Derifrå kjem hans tonesetting av salmen «Hen over jord et pilgrimstog», som blir mykje sungen denne søndagen.

Innsendt av Bernt G. Bøe

Organist/sekretær i Åsskard sokneråd

VI SPONSER BØFJORDNETT