Aktivitetsdag på museet

- Ta med hobbyen din og del den med andre! La barna bygge båtar og vikingeutstyr! Frisk opp att mill og andre spel! Bøfjorden Historielag inviterer til aktivitetsdag på sjøbruksmuseet søndag.

2014 08 31 Plakat
Plakat for søndagen
Aktivitetsdag c KIRSTEN KARI
Tekstil: Husflid av Kirsten Baadnæs Bøe (t.v.) og Kari Bøklepp ein tidlegare aktivitetsdag.
Aktivitetsdag d Kr og Asbj Flatjekt
Båtar: Kristian (t.v.) og Asbjørn Bøe laga seg flatjekter førre gong.
Aktivitetsdag e Reklamesamling Johs
Samling: Hobbysamlinga til Johannes Skrøvset – no med over to tusen fyrstikkreklamar!
Aktivitetsdag f Storløkken Jon MINNESOTA
Biletkåseri: Jon Storløkken viser bilete frå Amerika-turen i sommar.
Aktivitetsdag a Viking Syver
Vikingutstyr: - Kom og lag deg skjold og sverd, du og! seier Syver Vetleseter Melling (4).

Tekstilarbeid, husflid og anna hobbyhandverk får plass i museumslokalet – gjerne også for salg.

Samlarar har flott høve til å dele hobbyen med andre. Historielaget er spent på kva som dukkar opp.

For barna blir det bygging av vikingutstyr og leikebåtar. Halvferdige skjold, sverd og skrog ventar på fullføring. Vaksne hjelper til.

«Mill» og andre gode, gamle spel blir også tekne i bruk.

Museet tek imot utstillarar og deltakarar heile dagen – frå dørene opnar og til stengetid.

Ein liten pause blir det mens Jon Storløkken inviterer forsamlinga med på foto-reise til Amerika, med bilete frå besøk der borte i sommar.

VI SPONSER BØFJORDNETT