Advent og lysmesser

Adventstida er her! Den fortel kva som skal koma: Høgtida for barnet i Betlehem og alt dette krybbebarnet står for - i historia og i dag. 

FB Lysmesser x[1]

Difor tenner vi LYS og kallar gudstenestene for lysmesser. Konfirmantar, stab og menighet samlast til høgtidsforventning gjennom bibeltekster, song, musikk, forkynning, lystenning og symbolikk denne adventssøndagen 3. desember. 

Eit tips til å førebu jula 2023 i Todalen, Stangvik, Åsskard og over alt elles!

Diktaren Eyvind Skeie oppfordrar oss:

«Tenn lys! Et lys skal brenne for denn lille jord, 

den blanke himmelstjerne der vi og alle bor!»

Søndag 3. desember altså:

TODALEN kl. 14 - STANGVIK kl. 16.30 - ÅSSKARD kl. 19.30.

Og i Åsskard er det utdeling av Teikneseriebibel til 5-klassingar og ei anna bibelutgåve til konfirmantane - som også gjer teneste i lysmessa.

VI SPONSER BØFJORDNETT