Advent og lysmesse

Søndag startar adventstida med fin markering i Åsskard-kyrkja: Da er det lysmesse for små og store klokka 4.

Lysmesse a Advent
Åsskard kyrkje. Motiv av ukjend kunstnar.
Lysmesse b
Elsa Jensvold aktiviserte dei yngste på kyrkjekvelden nyelg.
Lysmesse c[1]
Lysgloben er forma som jordkula. Her er det tenning av «våre» lys frå Kristus-lyset i midta.


Dei yngste er inviterte hovudpersonar. Aldersgruppa 4-7 år får utdelt Mi Kyrkjebok og 10-11-åringane får kvar sin bibel. Pandemien hindra utdeling i fjor, så det blir dobbelsamling i år!

Prest Cathrine Grutle, musikar Ronny Kjøsen, klokkar Randi Bøe og konfirmantar deltek i liturgien. Blant anna tenner lys og framfører tekster som peikar fram mot jula – ein flott måte å starte adventstida på.

Førre torsdag var det Barnas Kyrkjekveld i Åsskard. Da fekk ungane synge, gå på skattejakt etter gjømte bibelord og tenne lys  i globen - for kvarandre og for nokon vi tenkjer på. Trusopplærar Elsa Jensvold minte om kvifor vi har både kyrkje, bibel og kristne barnesongar. Dette var ei førebuing til lysmessa.

VI SPONSER BØFJORDNETT