Åsskard tysdag: Klart for påskeverksted
Hobbykveldane før jul og påske samlar mange i Kyrkjestua i Åsskard. Tysdag er det igjen påskeverksted.
Instruktør Randi Vetleseter Bøe inviterer barn og foreldre til ein kreativ kveld. Ho har materialar, idear og utstyr klart.
- Vi skal laga påskekort og pynt av mange slag. Dorullkjerner, eggkartongar, pappbeger og tegnepapir blir til artige figurar som skaper liv og påskefarger rundt i heimane, seier ho. - Ta gjerne med eigne materialar og!
Eit høgdepunkt på slike kveldar er felles måltid til slutt. Her har Kari Johanne Aarnes og andre i soknerådet mykje godt å by på.
Alt ligg an til ein triveleg og skapande kveld i Kyrkjestua denne tysdagen!
….. Tekst/foto Bernt Bøe ....

![Påskeverksted A 2025[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5483399.2107.wazzsipkazzwku/800x0/6741957_5483399.jpg)














.png)




























