Åsskard onsdag: Bibelsongkveld – kva er det?

Bibelen har inspirert til musikk i over tusen år. Koret P17 inviterer til bibelsk song og kåseri i Åsskard-kyrkja onsdag 2. april.

Bibelsongkveld a Koret P17[1]
Mykje i notemappa denne gong er bibelinspirert musikk, seier Ann Magret Botten, Per Arne Hyldbakk, Bente Krangnes Edvardsen og dei andre i koret P17. Foto Bernt Bøe
Bibelsongkveld b Soknerådet Utstilling
Eva Jorid Svendsen (frå venstre), Kari Johanne Aarnes og Aashild Settemsdal oppfordrar folk til å ta med og stille ut forskjellige biblar på bibelskonserten onsdag. Foto Bernt Bøe
Bibelsongkveld Plakat


Allsong og klassisk

Prosjekt 17 fører an i allsongen og byr på klassiske verk som Beethovens Lovsang, Mendelssohns Ave Maria og Hallelujakoret frå Handels Messias. 

Julekveldsvisa, gospelsongar, spirituals og oratorier har utspring i Bibelen - både ordrett og indirekte. I særstilling står tonar av Bach. Med sine bibeltolkingar fekk han tilnamnet Den Femte Evangelist.  

Babbel og Tornesrose

Attåt songen deler aktørane verbalinnslag med både eventyr og artige dagleguttrykk. Kva har Alltid freidig med Tornerose å gjera? Kvifor seier vi babbel og syndebukk? Og kva betyr eigentleg Halleluja?

Bibelutstilling

Bibelen er tidenes bestseljar. Rundt i heimane finst eldgamle klenodier og sprudlande nyutgåver av boka. Difor oppfordrar Åsskard sokneråd folk om å bidra til ei variert og spennande bibelutstilling i kyrkja denne onsdagskvelden.

Konserten er gratis, men med høve til å gi kollekt. Soknerådet ordnar enkel severing etterpå.

…… Innsendt av Bernt Bøe / sekr Åssk sokneråd ….

VI SPONSER BØFJORDNETT