Åsskard med årsfest: «Teikn på liv!»

- Lokalkyrkja er teikn på liv sjøl om mykje blir nedlagt i kretsane våre! Helsinga frå ein deltakar på årsfesten i Åsskard søndag uttrykte noko vesentleg.

Åssk a Dåp Aksel[1]
Lille Aksel blir døypt av Odd Erik Stendahl.
Åssk b Dåp Elida
Konfirmant Elida ved døypefonten.
Åssk c Eva Jorid
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen hadde laga ei fyldig årsmelding for 2024.
Åssk d Tor Rune
Kyrkjeverje Tor Rune Halset sa mykje positivt i si helsing til Åsskard kyrkjelyd.


Gudstenesta på Vårfruedagen (Maria Bodskapsdag) fokuserte da også på at «Guds menighet er jordens største under» som Ronald Fangen skreiv i ein sterk salme under krigen. To dåp - både av lille Aksel og av konfirmant Elida - understreka det same.

Prestevikar Odd Erik Stendahl leia gudstenesta. Soknerådsleiar Eva Svendsen takka familien Bævre for minnemidlar som har skaffa kyrkja evangeliestakar og  nytt altarforheng.

Fellesskap

Årsfesten i Kyrkjestua etterpå var prega av fellesskap - om middag, kaffe og dokumentasjon av året 2024. Sjøl om Åsskard er ein liten kyrkjelyd i ei utkantbygd, kunne soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og kyrkjeverje Tor Rune Halset seie mykje interessant om fjoråret.

Statistikk – gode konsertbesøk

Årsrapporten viser at dei 15 gudstenestene hadde 865 deltakar. Ved nattverd deltok 16 personar i snitt. Kyrkjelyden hadde 6 konsertarrangement - med i alt 636 besøkande.

Biletserie over allsidig aktivitet

Ein del svært godt befolka tiltak fell utanom statistikken - som Barnas Kyrkjekveld (to gonger i året), konfirmantdeltaking ved vanlege gudstenester, forsongarteneste, hobbyverksted til jul og påske, hyggetreff og dugnader. 

Men dette og meir til kom tydeleg fram i soknerådets biletkavalkade som utfylte årsmeldinga.

Og både sodd og kaffe smaka fortreffeleg – igjen takka vere soknerådets dyktige Eva Jorid, Jane, Aashild og Kari. 

 

...... Tekst og foto Bernt G. Bøe, referent ...

VI SPONSER BØFJORDNETT