8. mai i Åsskard, Stangvik og Todalen: - Fred, kva er det?
- Samarbeidet mellom kommunen, forsvarsforeninga og dei tre historielaga våre vart ei fin 80-årsmarkering for frigjeringa 8. mai 1945, sa Surnadals-ordførar Hugo Pedersen etter samlingar i Åsskard, Stangvik og Todalen torsdag.

Ved soldatbautaene her la ordføraren ned krans og sa tankevekkande ord om frigjeringa, om forsvarsveteranar og om kor nødvendig fredsarbeid stadig er. Områdesersjant Harald Moen frå Heimevernet bar også fram sterke tankar om dei same verdiane.
Som eit lite samantreff: Under samlinga i Åsskard dura eit amerikansk marinefly over dei frammøtte ...
Dei tre soldatane frå desse sokna som mista livet i april 1940, fekk særleg omtale.
Sjokket på konfirmasjonsdagen
I Åsskard tegna Olav Jostein Holten frå Indre Nordmøre Forsvarsforening eit nært portrett av Gunnar P. Bøe (onkel til Johanne, kona hans). - At Gunnar hadde falle ved slaget i Gratangen, vart kjent her ved kyrkja på sjølve konfirmasjonsdagen til Ingebrigt, bror av Gunnar! kunne Olav Jostein fortelje til eit rørt publikum.
Prolog for Halvor Røen
Under samlinga i Stangvik fortalte Hallvard Kvande om sin onkel Halvor Røen, som
også døde etter kampane i Gratangen. Hallvard las deretter prologen som Olav Sæter hadde skrive i høve gravferda til soldaten i juni 1941.
Anton Husby og veteranar frå Todalen
Leiar i Todalen Historielag, John Moe, opna programmet ved Todalen kyrkje med å lesa namna på alle todalingar som var soldatar i 1940 - rundt tjue i alt. Anton Husby, som døde på panserskipet «Norge», var opprinneleg frå Todalen, men busett i Kristiansund med kone og tre born da krigen braut ut.
Konfirmantar og skuleborn danna flaggborg ved dei tre bautaene. I Todalen tente Trygve og Jens eitt lys for kvar av dei tre falne soldatane. Deretter markerte også publikum si deltaking ved tenning av minnelys.
Fred – kva er det?
To av dei frammøtte hadde opplevd krigen og frigjeringa. Knut Sollid hugsa til og med da tyske fly sleppte bomber attmed Åsskard-kyrkja 28. april 1940. Og da den sterke diktskildringa «Ingen lit de Parade» av Ivar Solem vart lese, kunne Knut fortelje at Ivar var morbror hans.
Einy Rendal Elgsæter var litt over 4 år i 1945. - Men eg hugsar da mor gledestrålande kom og sa: - «No er det fred!» fortalte ho under samlinga i Todalen. Det ordet hadde vesle Einy aldri høyrt før: - Eg visste ikkje kva «fred» var, for eg var jo fødd i eit krigsokkupert land!
Tankevekkande å høre for alle oss som er vant til å tenkje at fred er noko sjølsagt.
Dette bidrog også til å understreke verdien av ei slik minnemarkering 8. mai i det urosvangre år 2025.
…. Tekst og foto Bernt G. Bøe ….