8. mai: Frigjeringsjubileum i Åsskard, Stangvik og Todalen
80-årsdagen for frigjeringa i 1945 blir torsdag 8. mai markert ved soldatbautaene i Åsskard, Stangvik og Todalen. Soldatar frå desse tre bygdene omkom i krigen.

Ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, vil halde tale og legge krans ved dei tre minnesmerka. 80-årsminnet blir også markert i kommunestyret.
Medarrangørar er initiativtakar Todalen Historielag og historielaga i Bøfjorden og Stangvik. Indre Nordmøre Forsvarsforening deltek også.
Markeringane startar ved Åsskard kyrkje, der det står bauta over Gunnar P. Bøe frå Olastua på Bølandet. Han fall i kamp mot tyskarane i Gratangen 25. april 1940.
Deretter er det samling ved Stangvik kyrkje. Halvor Røen frå Kvanne vart hardt såra i slaget ved Gratangen og døde på sjukehus fem dagar seinare.
I Todalen blir Anton Husby minna. Han var fødd der, men vaks opp på Surnadalsøra. Anton var mannskap på panserskipet «Norge» og miste livet da skipet vart torpedert på Narvik hamn 9. april 1940. Han etterlet seg kone og 3 born.
Bygdefolk i dei tre sokna er særleg inviterte til 80-årsmarkeringane. Programma teiknar portrett av kvar av dei tre soldatane som døde for fedrelandet. Diktlesing, song og ungdom med flagg vil ramme inn ordførarens tale og blomsterseremoni.
Tidspunkt for arrangementa:
Åsskard kyrkje kl. 17
Stangvik kyrkje kl. 18.30
Todalen kyrkje kl. 20.
Komiteen oppfordrar alle til å markere denne 8. mai med flagging!
Levert av Bernt Bøe / for medarrangør Bøfjorden Historielag
Alle foto: Arkiv Bøfjorden Historielag