24.03.2020: Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal kommune

6298438_4663395

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune.

Gjennom vedtak i dag vidarefører kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune dei vedtaka som vart fatta l16. mars 2020, etter lov om smittevern. Vedtaket gjeld inntil 31. mars. Heile vedtaket finn ein ved å klikke seg inn her.

Nasjonale myndigheiter kunngjorde i dag at dei strenge nasjonale tiltaka vi har levd med den siste tida ser ut til å ha bremsa smitten og er difor forlenga til og med 13. april. Grunngjevinga er den same som før; å begrense smitte og vinne tid.

Dugnaden held fram som før.

VI SPONSER BØFJORDNETT