17. mai i bygdene våre: Meir enn tradisjon
Nasjonaldagen har grunnlov og historie i botnen. Men i bygdene våre betyr 17. mai like mykje framtid som tradisjon.
Sjølv om media gjerne skriv om «tradisjonell 17. mai» og bileta no som alltid viser festlege folketog, skjer det mykje ung fornying av den verdifulle tradisjonen. (Hos oss heldigvis ikkje med fyll og slåsting som vi hører om frå mange bymiljø.) Mine inntrykk er frå Åsskard og eit par andre små bygder.
Dans til Vivaldi
Eidsvollsmennene frå 1814 ville for eksempel ha fryda seg – i undring og begeistring – over skuleungane på Bøfjorden Grendahus, som dansa polonaise til «Våren» av Vivaldi, og over 15-åringane som markerte 80-årsminnet for soldatbautaen i Åsskard med takketale og fredsappell. Sikkert også over dei unge faneberarane og musikantane på Vågland - som fører gode tradisjonar inn i ny tid.
Kortesjene av veteranbilar og alskens nyare kjørety bygdene, som Todalen og Bøfjorden, viser også kreativ optimisme.
Dugnad – bygda sitt varemerke
I Bøfjorden løfta Arve-Henning Solvang dugnadsånda høgt i sin festtale. Som relativt ny i bygda fullrosa han det varme og omsorgsfulle fellesskapet som er varemerke i små samfunn som dette.
Trollbakkprisen til Elise
At nettopp ei energisk dugnadskvinne, Elise Settemsdal, deretter vart tildelt Trollbakkprisen, vekte taktfast applaus og var ei ypperleg oppfølging av Solvang sine ord.
Komiteen uttalar at ho får prisen for allsidig dugnadsinnsats i alle år: - Ho er eit ja-menneske som er engasjert i alt som skjer i bygda!
Ikkje minst har Elise gjort ein enorm innsats på Bøfjorden Grendahus. Og vinnaren har elles gjort mykje for, mellom anna bevart lokale terrengnamn.
- Ho tek ofte eigne tak, fjernar søppel, ryddar langs vegar og hus. Ja, ho grip gjerne hekksaksa og avlastar det offentlege med kantslått! sa historielagets leiar Bernt Bøe humoristisk under overrekkinga.
No i 2026, da Bjønnastøtta i Haugaskaret fyller 100 år, er det grunn til å rose Elise for at ho stadig, og på eige initiativ, sørgjer for stell og blomsterpynting ved dette minnesmerket over Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen, vart det sagt.
Og typisk nok kom Elise med ein kommentar til dette etter at applausen hadde lagt seg:
- Koparplata på steinen treng oppussing no!
Frydefull musikk
Alt dette - pluss fulltonande song, både av ungane på ei stappfull scene og med nasjonalsongane frå salen – hadde sikkert vore frydefull musikk i ørene på dei som forma vår idealistiske grunnlov på Eidsvoll for 212 år sia.
Ryktet om at songen er død i skulen, stemmer ikkje – i alle fall ikkje på Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter! Her er lærarar som sørgjer for at ein viktig arv lever i beste velgåande – endatil at ungane får danse til klassiske Vivaldi-tonar!
Hjartesukk
Mange av dei verdiane som vart løfta fram denne 17. mai, er faktisk sterke moment i aktuelle debattar – om skulestruktur og bygdepolitikk. I samtalar fekk eg nokre hjartesukk frå ein nedlagt skulekrets, men dei held eg utafor denne artikkelen.
«I bondens tanke på et høyt sted»
I alle bygder står kyrkja slike dagar «i bondens tanker på et høyt sted», som Bjørnson seier (med dobbel tyding). Festgudstenestene i flaggpynta rom er faste innslag i komiteane sine 17. mai-program. Organist Amund Valde og mora Ellen Rensvik på fiolin gav ein fin dåm av Grieg-tonar til samlinga i Todalen kyrkje, der allsongen
Preiketeksten om fred i både bibelsk og folkeleg forstand, er vel meir aktuell no i Trumps og Putins tidsalder enn nokon gong. Stikkord som «framtid» og «håp» vart sterkt formidla på denne nasjonalsøndagen og peikar på meir enn berre tradisjon.
…… Bernt G. Bøe …















.png)




.jpg)


























