17. mai 2023: Fargerik gråversdag

Trass i gråveret skapte folket i bygdene ein festleg nasjonaldag også i år. Her er glimt frå Bøfjorden.

Fargerik A[1]
Frodig barnetilvekst i Bøfjorden sikrar blant anna frisk song på samlingar som denne!
Fargerik B
Bøfjord Idrettslag fekk årets Trollbakkpris – tildelt av Bøfjorden Historielag ved Gunnhild Vetleseter Bøe (t.v.). Vidare - frå styret i idrettslaget: Grete Settemsdal, leiar Malin Sættem (med diplomet), Anders Melling og Gjertrud Heggem (med lagets historikk i årboka «Gamle Nordmør» 2021). Eit flott fotballspel var også del av prisen.
Fargerik C
Nonnon Heggem talar ved bautaen over Gunnar P. Bøe, som fall i slaget ved Gratangen i 1940. Med kransen står Per Gudmund Bøe, grandnevø av Gunnar.
Fargerik D
Forsongarane Inger Garthe (frå venstre), Kari Sæther og Nora Bøe la vakre korstemmer til fedrelandssalmane i Åsskard-kyrkja.
Fargerik E
Daniel Bøe heldt ein poengtert og god 17. mai-tale.
Fargerik F
Utsnitt av den talrike forsamlinga på grendahuset i Bøfjorden.


Dagen starta med bilkortesje frå Heggemsneset om Settemsdalssletta og til Bølandet. Somme tok frukosten i bilen – i tøfler og pyjamas!

Seinare var barnehagen utgangspunkt for toget rundt Settem og småbåthamna. Høgttalar på ei mjølkevogn sørga for korpsmusikken denne gong. Frisk vind stod inn fjorden, men i Ådalen glytta jamen sola ned på deltakarane!

Kyrkjer og soldatminne

Kyrkja feirar alltid nasjonaldagen. I Stangvik, Åsskard og Todalen dreg presten (Torbjørn Brøske) og hans team bokstaveleg på omgang: Stangvik kl. 10, Åsskard kl. 12 og Todalen kl. 14.

Jesu ord frå Bergpreika «Sæle dei som skaper fred» var utgangspunktet for Brøske si engasjerte og dagsaktuelle preike. Frammøtet varierte noko. Men «Fagert er landet» og «Gud signe vårt dyre fedreland» tona mektig – med både vanleg kyrkjelyd og trufaste forsongarar.

Vanlegvis legg dei tre kyrkjelydane ned krans ved sine soldatbautaer denne dagen. I Todalen vart dette i år gjort (ved John Moe) på frigjeringsdagen 8. mai. Arne Drøpping heldt talen ved bautaen over Halvor Røen etter 17. maimessa i Stangvik.

I Åsskard la John Nonnon Heggem ned krans ved grava til Gunnar P. Bøe. Han sette minnet frå okkupasjonstida i samanheng med dystre trekk i vår samtid og peika m.a. på kor viktig ei trygg matforsyining er også i dag.  

Fullt grendahus i Bøfjorden

Festen på Bøfjorden Grendahus samla så mange at det laut fleire bord og stolar til. Her var det også uteleikar – frå natursti til støvelkasting. Mat, saft og kaffe smaka betre enn nokon gong.

Ungane frå skule og barnehage sette preg på programmet. Alt frå Egner-viser til «Norge i rødt, hvitt og blått» og «Ja, vi elsker» tona friskt frå unge stemmer. Elles hører «Bøfjordsongen» kvart år med på denne festen.

Daniel Bøe heldt tale for dagen. Han sette 17. mai inn i historisk samanheng og drog linjene frå 1814 til dagens lokalsamfunn. Sjølvstendighet og samhald, dugnadsånd og sans for lokale verdiar vart framheva. Og at Bøfjorden har vakraste naturen av alle bygder, er det ingen tvil om!

Pris til idrettslaget

Blant høgdeunkta på 17.mai-festen i Bøfjorden er alltid utdelinga av «Trollbakkprisen» - ei påskjøning for særleg innsats i bygda. Denne gong gjekk den til Bøfjord Idrettslag, som sidan 1946 «har lagt til rette for eit sunt fysisk og sosialt liv for små og store i Bøfjord-samfunnet og som ved mange høve har gjort bygda vår kjent og respektert rundt heile Nordmøre», som historielagets jury uttala i grunngjevinga. Applausen var lang og taktfast både ved denne og andre programpostar.  

Ingen tvil – det sure gråveret klarte ikkje å hamle opp med «raudt, kvitt og blått» denne nasjonaldagen heller!


......... Tekst og foto: Bernt G. Bøe .........

VI SPONSER BØFJORDNETT