Årstreff med tilbakeblikk

Også i våre små sokn er det rikt kyrkjeliv. Det viste søndagens årstreff i Åsskard – sjølv om frammøtet var hemma av veret.

Årstreff a2
Torbjørn Brøske tala interessant, mellom anna om bøn. (Foto Randi Bøe)
Årstreff b[1]
I Kyrkjestua var det middag, samtale og tilbakeblikk på året 2022. (Foto Bernt Bøe)
Årstreff c
2022-konfirmantane bidrog til rekord under fasteaksjonen i april. (Foto Bernt Bøe)
Årstreff d
Utover hausten vart Gammelkyrkjegarden ved Trøa utvida. Arbeidet blir ferdig i 2023. (Foto Oddvar Væge)


I den innleiande gudstenesta heldt Torbjørn Brøske ei interessant preike – med nye tankar om kjent stoff. Teksten handla om kvinna som fekk hjelp da ho bad Jesus om det.

Alle bed

- Vel kan vi oppleve at Gud ikkje gir oss akkurat det vi bed om, sa Torbjørn. - Men sanninga er jo er at vi får mykje meir! Viss vi berre fekk det vi bad om, ville vi ha mangla det meste, sa han frå preikestolen. Han refererte undersøkjingar som slår fast at alle menneske bed til Gud.

I gudstenesta deltok konfirmantane Fredrik og Ole Jørgen med korsbering, lesing og lystenning.

2022 eit aktivt år

I Kyrkjestua var den vanlege kaffestunda utvida til årstreff med middag, kaffe, utlodning, årsrapport og biletglimt frå drifta i 2022.

Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen si årsmelding viste eit aktivt driftsår. Folk har stilt mannjamnt opp til dugnad. Ny vassforsyning er sikra i samarbeid med naboane. Mange kyrkjekonsertar vart arrangerte i fjor, deriblant den årvisse «Jonsvaka» for 40. gong. Forsongargruppene i gudstenesta vart framheva i meldinga.

Årsstatistikken for 2022 viser mellom anna 16 gudstenester med gjennomsnittleg besøk på 54. Fem barn vart døypte og to brurepar vigde. Det var til saman 4 gravferder – eit uvanleg lågt tal.

Fasterekord og visitas

Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp gav ny rekord, nok til å skaffe permanent vassforsyning til 150 tørkeramma heimar. 

Biskop Ingeborg Midttømme gjesta alle grender i soknet under visitasen i oktober. Ei særleg fin oppleving var kvelden med barnegruppa Amigos i Bøfjorden, uttala biskopen etterpå.

Biletglimt

Årsmeldinga vart supplert med ein fyldig lysbiletserie, der sekretær i soknerådet, Bernt Bøe, viste glimt av aktiviteter og tiltak månad for månad i 2022. Sentralt stod barnekveldane, dugnadsarbeidet og utvidinga av Gammekyrkjegarden - eit stort og kostbart prosjekt som etter planen blir ferdig no i år.

VI SPONSER BØFJORDNETT