Storband og talent til Åsskard-kyrkja
Søndag blir det ungdommeleg førjulsmusikk å høre i Åsskard-kyrkja. Nordmøre Ungdomsstorband og elevar frå Surnadal og Rindal Kulturskole byr på eit spenstig program.
Storbandet er unge musikarar 14-19 år frå Surnadal, Kristiansund, Averøy og Heim.
– For tida har vi 4 trompetar, klarinett, altsax og trombone attåt kompet med gitar, bass, piano og slagverk, fortel leiar Alf Ekholm, som også har komponert noko av programmet.
- I tillegg har vi fått ny vokalist, så no er dusinet fullt!
Ekholm har sjøl skrive «Natt over Surnadal» og «Radio Bingo Bonga» - begge tileigna medlemmar i bandet. Dertil står «Ain’t no Sunshine» (Whithers), «Cry Me a River» (Hamilton) og «The Christmas Song» (av Thorme og Wells) på bandet sitt program. Her blir det både improvisasjon og soloinnslag.
Juletreet i kyrkja er pynta for anledninga. Det følgjer talenta frå kulturskulen opp – med både julesongar og annan musikk. Dei skaper stemning med «Nordnorsk Julesalme», «Selmas Jul», «Reodors ballade», «Heaven» og den litt meir kortreiste «Jul i Dønheim Bedehus». Vi får høre solistar med gitar, song og piano.
Åsskard sokneråd arrangerer konserten. Vaksne betaler ein symbolsk billett, medan born under 16 år går gratis.