Åsskard Helselag: Busstur til Åndalsnes
Til medlemmar av Åsskard Helselag og andre: Åsskard Helselag arrangerer sin årlege busstur måndag, 17. juni.
Turen startar frå Bæverfjord ca. kl. 08.00 og går om Kvanne-Røkkum. Vidare til Sunndal, Eidsvåg , Vistdalsheia og Åndalsnes. Det er planlagt kafferast i området Eresfjord. Vel framme blir det servert middag på Raumasenteret. Vi kjører opp til Horgheim og ser om «Mannen» og det blir ein snartur innom Rauma Ullvarefabrikk. Kanskje det blir tid til noko meir også.
Tilbake går turen om Åfarnes- Sølsnes, Kortgarden, Kleive og heim.
Turen kostar for medlemmar kr. 400, for andre kr. 600. Alt inkludert. Velkommen til å være med!
Meld dere på til Jane, tlf. 93655986 eller Svanhild, tlf. 97616610.
Foto: Wikipedia